Helse og familie

Helse og familie - fakta om enheten

Eining Helse-Familie hadde i 2019 med tilkallingsvikarane om lag 85 tilsette med 13-14 ulike yrkes og faggrupper (sjå tabell under).

Bildet: Enhetsleder Iren Stranden

Oversikt over avdelingene og tal tilsette

Oversikt over avdelingene og tal tilsette
Avdeling Tilsette Merknad
Helsestasjon med skulehelseteneste og jordmor 17 Helsesøstre, helsesjukepleiarar, jordmor, sekretærar, klinisk ernæringsfysiolog
Prosjektstillingar 4 Finansiert gjennom tilskuddsmidler til utvikling og styrking av helsestasjon- og skolehelsetjenesten i Fræna
Miljøretta helsevern/smittevern 1 Tilsett i 50% stilling (kommuneoverlegen)
Fræna legekontor 7,5 + 6,58 Legestillinger og hjelpepersonell
Helseteneste Hustad Fengsel 5,2 Deriblant 2 legar som deler ei 25% stilling
Fysioterapi/rehabilitering 4,5 + 1 Fysioterapeut og ergoterapeut
Hverdagsrehabilitering 4 1 fysioterapeut,1 ergoterapeut, 1 sjukepleiar, 1 heimetrenar
Fræna fysikalske institutt 3 Driftstilskott for 3 fysioterapeutar i 100%
Hjelpemiddelansvarleg – teknisk del 1
Barnevern 13 12 fagstillingar + 1 sekretær (overført 4 av dei frå Eide november 3029)
Tiltak funksjonshemma 10 Tal tilsette totalt: 10: 1 leder i 100%, 6 tilsette i deltidsstilling BPA og 3 vikarar
Bøtunet avlastningsleiligheter 19 Alle er deltidsstillinger, tilsammen 10 årsverk

Viktige hendingar i 2019

Prosjekt:

  • Utvikling og styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta – prosjekt på andre året.
  • Frisklivsentralen har prosjektmidlar i høve gruppetilbod barn og unge.

Andre tilbod:

  • Tverrfagleg Råd hadde 7 møte i 2019 - av desse var 2 besøk i barnehagar i kommunen og eit skolebesøk. Saker som kom til rådet var meldt frå barnehagar/skolar..
  • Psykososialt kriseteam. Hadde i 2019 fem faste møte i samsvar med rutinebeskrivinga. Teamet var i tillegg involvert i fire einskildsaker der medlemmer av teamet var involvert.

Helsestasjon med skulehelseteneste og jordmor

Leverte tenester:

Det blei fødd 89 nye barn i Fræna i 2019, mot 110 i 2018

  • 4 fødsels- og foreldreførebuande kurs gjennomført
  • 61 har fått heimebesøk innan 48 timar etter heimkomst. 26 fekk besøk først etter 48 timar. 1 fekk besøk på sjukehuset. 1 fødsel i anna fylke, 1 ønska ikkje besøk, 14 fekk ikkje besøk pga jordmor ferie/sjuk. 9 fekk ikkje besøk pga manglande kapasitet. Oppnådd mål 72,6 %
  • Helsestasjonen 0 – 5 år følgjer no alle konsultasjonane jfr vegleiar
  • Barselgruppe/gruppetilbod til alle barn født frå januar 2018
  • To gratis førstehjelpskurs til småbarnsforeldre i løpet av 2019
  • Ett praktisk HOPP Bra Mat kurs våren 2019 over to kvelder, godt oppmøte
  • Helsesøster har faste møte med barnehagane og barnevernstenesta 2x pr år.
  • Samarbeid med BUP, ytre team. Faste møte 1 gong pr. mnd. Lavterskeltilbod
  • Helsesøster har faste møte med barnehagane og barnevernstenesta

Forbetringar:

  • Jordmor er sertifisert i NBO (Newborn behavioural Observasion)
  • Vi får nå elektroniske dialogmeldingar frå sjukehuset om fødsel og venta utreisedato.
  • Kompetanseheving for helsesøster/jordmor ved deltaking i prosjekt: «Tidlig inn» Målet er å komme tidleg inn i høve vanskar knytt til psykisk helse, rusmiddel og vald i nære relasjonar.
  • Revidert ammeprosedyrer.
  • Jordmor har utarbeidd prosedyre for bruk av EPDS, tweak og vold i nære relasjonar.
  • Oppgaver i HsPro er oppdatert jfr Nasjonal Faglige Retningslinjer.

Utfordringar:

  • Det er sårbart med ei jordmor i høve feriar og anna fråvere
  • Manglande tilbod til familiar og barn der det er behov for meir enn den vanlege rutinekontrollane og oppfølging over tid

Miljøretta helsevern/smittevern

Sesonginfluensa - vaksinering, har satt omlag 1100 vaksiner mot 674 i 2018.

Elevar ved Fræna vidaregåande skole har også i 2019 fått tilbod om HPV-vaksine. (mot hjernehinnebetennelse)

Fræna legekontor, Torget legekontor og legevaktsamarbeid

Hendingar

  • Fræna legekontor har stabil legedekning. Legevaktsamarbeidet går godt.
  • Frå 01.06.2018 blei Torget legekontor ein del av Fræna legekontor, men har framleis tilhald på Torget sine lokale. – det er i dag to leger som har kontor ved avd. Torget

Utfordringar

  • Samlokalisering av all legeteneste er ei utfordring då det ikkje er plass til alle legane i kontorene i Sentervegen 125. Delt lokalisering fører til meirutgifter då det er naudsynt med dobbelt opp av m.a medisinsk utstyr og andre hjelpemiddel.

Fysioterapi og rehabilitering

Leverte tenester

  • Avdelinga har gitt tilbod til tilviste barn i alderen 0-16 år, og til vaksne med behov for tverrfagleg oppfølging, heimebehandling eller gruppetrening.
  • Tilbod til helsestajonen med informasjon om barnets motoriske utvikling og mors helse i barseltida.
  • Individuell konsultasjon for alle barni 4-5 mnd alder.
  • Kommunefysioterapitenesta har hatt til saman 13 treningsgruppetimar kvar veke. Det har vore stor pågang på gruppene, og ventetid på dei fleste av tilboda.
  • Ein kommunal fysioterapeut har gitt tilbod til innlagte ved rehab.avd. 5 føremiddagar pr. veke. Ergoterapeut har ytt tenester i rehab.avd. etter behov, men i avgrensa omfang på grunn av ressursmangel.
  • Ein kommunal fysioterapeut har gitt tilbod om lymfødem behandling etter tilvising
  • Ergoterapeut har kartlagt brukarar sine behov i heimen, gitt hjelp til brukarar i hjelpemiddel-søking, hjelp med tilrettelegging av eigen bustad m.m. Ergoterapeuten har også gitt tilbod om ADL-trening, finmotorisk trening m.m.
  • Frisklivssentralen får dei fleste tilvisingane frå fastlegar, kreftkoordinator, helsestasjon og NAV samt at brukarar tek kontakt sjølve. Sentralen har gitt tilbod til deltakarar i form av helsesamtalar, eigne treningsgrupper, Bra mat kurs for vaksne (x1), Bra mat kurs for barnefamiliar (x1), Diabeteskurs (x2) og Livslystkurs (x1). Treningsgruppene har i snitt hatt 8-10 deltakarar per gruppe, 70-80% er damer.
  • Det er starta eigne treningsgr for ungdom 13-20 år – to gonger pr. veke. No i starten er det berre 5 deltakarar.

Kvardagsrehabilitering:

Teamet har no hatt eit heilt driftsår – Tenesta har desse mandata

  • Drive Kvardagsrehabilitering – 106 tilviste brukarar til tenesta- 27 gjennomførte eit opplegg på 4veker.
  • Implementere kvardagsmestring innafor området Helse-velferd. Planlegging av innhald og gjennomføring blei satt i gang i juni 2019og gjennomføring hausten 2019. Systematisk oppfølging av dette vil vere eit kontinuerleg arbeid i åra framover.
  • Førebyggande heimebesøk er planlagt, men ikkje sett i verk pga mnaglande ressurs, 1 st står vakant.

Forbetringar:

  • Rekruttert og sertifisert 6 nye frivillige instruktørar for til Sterk og stødig, treningsgr for seniorar og nye gr i Bud og Eide i 2019.
  • Auka satsing på gruppetilbod for å imøtekomme innbyggarane sine behov og effektivisere tenesta.
  • Nytt treningstilbod i Frisklivssentralen to gonger per veke: Friskliv ung
  • Auka samarbeid med klinisk ernæringsfysiolog, som gjev mogelegheit for ein del Frisklivsdeltakarar å få eigne kosthaldssamtalar med henne.
  • Tatt initiativ til og gjennomført undervisning i heimetenesta ifht hjelpemiddelformidling.
  • Tatt initiativ til og gjennomført samarbeidsmøte mellom Hjelpemiddelforvaltninga, heimetenesta, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringsteamet.
  • Utarbeidd nye rutiner på området Hjelpemiddelformidling som skal prøvast i samarbeid med heimetenesta, institusjonar og omsorgssenter i 2020.
  • Starta implementering av kvardagsmestring i alle einingar innan Helse og velferd.
  • Starta planlegging av «Prosjekt dusj- og strømpepåtrekking» i samarbeid med heimetenesta med mål om å redusere talet på timar med heimeteneste for ein del brukarar.
  • Starta implementering av Kvardagsmeistring i Helse- og omsorgstenestene.

Utfordringar

  • Låge kostratal målt i dekningsgrad per 10 000 innbyggar når det gjeld både fysioterapeutar og ergoterapeutar.
  • Ved Fræna fysikalske institutt blei det meldt 105 avvik på overskriding av ventetid i 2018 (jamfør prioriteringsnøkkel etter nasjonal standard). Dette talet er relativt stabilt frå år til år.
  • Ergoterapitenesta meldte 47 avvik på overskriding av ventetid (jamfør prioriteringsnøkkel etter nasjonal standard).
  • Fysioterapitenesta er ikkje ein aktør i skulehelsetenesta.
  • Ikkje kapasitet til å starte «Førebyggjande heimebesøk».
  • Fræna fysikalske institutt har hatt ventetid på ca- 6-8 veker for vanlege pasientar. I tillegg veit vi at ein stor del pasientar går til behandling i nabokommunar eller hos heilprivate fysioterapeutar fordi kommunen ikkje dekker det reelle behovet.
  • Tidlegare utskrivne pasientar (jamfør samhandlingsreforma) har resultert i fleire og dårlegare pas. på ventelistene.
  • Stor etterspurnad på tenestene generelt og stort arbeidspress på dei tilsette. Behov for å auke stillingsressursane; både ergoterapeutar, fysioterapeutar og heimetrenar i kvardagsrehabiliteringsteamet.

Fræna fysikalske

Leverte tenester

  • Tilbod om individuell behandling og gruppebehandling (i hovudsak til personar over 16 år)
  • Det er innført prioriteringsnøkkel og nytt system for nye tilvisingar
  • Det blei utført 5364 individuelle konsultasjonar og 173 gruppetimar på dagtid og kveldstid
  • 407 pasientar har fått behandling, 66% kvinner og 34% menn.

Hjelpemiddelformidlinga

Leverte tenester

  • Frå NAV hjelpemiddelsentral er det motteke og levert vidare 3051 hjelpemiddel mot 1702 i 2018.
  • Det er registrert 442 nye brukarar i løpet av året, samla i 2019 1747, mot 1305 i 2018. Det er stort forbruk av hjelpemiddel som vi har på kommunalt lager.Dette fører til mykje utkøyring/innhenting, vask og vedlikehald.
  • Avdelinga har også ansvar for alarmar. Når vi installerer alarmane, monterer vi også røykvarslarar knytt til alarmen. Vi er no i ein prosess med utskifting til nye digitale GSM-alarmar.Ved årsskiftet var det plassert ut 220 alarmar.
  • Avdelinga har også ansvar for kartlegging av låsar i samband med overgang til elektroniske dørlåsar.

Avdelinga tok ansvar for tenesta i Eide frå 01.10.2019, noko som nok resulterte i auken av leverte hjelpemiddel.

Hendingar/Forbetringar

  • 1 person i tillegg til fast tilsett er ei stor forbetring av tilbodet.

Utfordringar

  • Stadig auke i arbeidsoppgåvene med fleire hjelpemiddel som skal leverast/reparerast/settast i stand.Meir arbeid med tryggleiksalarmar samt etter kvart dørlås, har gitt store utfordringar i 2019. Når ansvar for Eide kom i oktober har ein fått meir køyretid.
  • Relativt mange administrative oppgåver for ei so lita avdeling er også ei utfordring.
  • Ressursen som vart brukt i Eide kommune på dette fagområdet er ikkje blitt overført til avd. sjølv om oppgåvene er det. Større avstandar vil kunne resultere i lenger ventetid på hjelp frå avdelinga.

Barnevern

Leverte tenester

  • Alle meldingar og undersøkingar vart gjennomført innafor frist også i 2019.
  • Det same gjeld oppfølgingsbesøk og tilsynsbesøk.
  • Har gitt tilbod til 6 ungdomar gjennom «Kjør for Livet»Eit fritidstiltak med motorkross o.l

Forbetringar

  • Akuttberedskap – eigen barnevernsvakt i Fræna kommune starta hausten 2018 og er evaluert i 2019 med gode resultat pga nærleiksprinsippet. Ordninga skal politisk handsamast våren 2020
  • Kompetanseheving av tilsette ved deltaking i Læringsnettverk og Cos-P. Ytterlegere 2 tilsette har fått gjennomført sertifisering.

Utfordringar

  • Førebuing til ny kommune har ført till mindre kapasitet til einskildsaker, merkantile oppgåver og samarbeid med andre instansar.
  • Tilsette har ikke hatt faste møte med alle barnehagar og repr. frå helsestasjonen 2x pr år i 2019, dette på grunn av manglende kapasitet.

Tiltak funksjonshemma m/ Bøtunet avlastning

Leverte tenester

  • Tenester vert sett i verk etter vedtak gjort ved forvaltningskontoret.
  • 5 tenestemottakarar har BPA tilbod

Hendingar/Forbetringar

  • Starta faste møte med Forvaltningskontoret

Utfordringar

  • Rekruttere personar til å gjennomføre tiltak – eks- støttekontakt/avlastning o.l.
  • Gje alle som arbeider som støttekontaktar, BPA og avlastaroppfølging, tilbod om kurs og anna vegleiing.

Tiltaket Bøtunet avlastning

Leverte tenester

  • Opent måndag – fredag, frå 08.00 – 20.00 . Avlastning 3 helger pr. mnd

11 tenestemottakarar i alderen 3-38 år. (7 jenter og 4 gutar)

Hendingar

  • Nytt samarbeidstiltak – skal administrerast frå avdelinga.
  • Sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere nye lokale til Bøtunet avlastning.

Utfordringar

  • Nye vedtak i avlastinga fører til meir behov for administrering av gruppa av tilsette, kontakt med pårørande og deltaking i ansvars/samarbeidsgrupper. Auka behov for administrativ ressurs.
  • Nye vedtak i løpet av året fører til utfordringar i å halde budsjettet.
  • Mykje skifte i personalgruppa av ulike årsaker, omsorgspermisjonar o.a.
Kvalitet
Målbeskrivelse Mål Resultat
Helsestasjon/skolehelsetjenesten

Styrke det helsefremmende og forebyggende arbeidet

Implementering av HOPP ved helsestasjon, skole og barnehager Under arbeid

Alle barnekontroller blir gjennomført i tråd med forskrift/veileder

Ingen avvik ved barsel oppfølging eller barnekontroller Noe avvik ved barselkontroller 61 av 84 fik oppfølging. 72,6 % Ingen avvik ved barnekontroller

Styrke skolehelsetjenesten

Økt tilstedeværelse av helsesjukepleier ved alle skolene jfr. normaltall Bedre tilstedeværelse har ført til 15 bekymringsmeldinger til barnevernet(4 i 2017)
Fysio/rehabilitering​

Sikre nødvendig helsehjelp innen ergoterapi og fysioterapi

Innbyggerne får nødvendig tilbud innen forsvarlig tid, jfr prioriteringsnøkkel

Fortsatt satsing på forebyggende helsearbeid og tidlig innsats, samt rehabilitering

Delta aktivt i tilbud til skolehelsetjenesten sammen med helsesøstre og andre samarbeidsparter. Gjennomføre forebyggende hjemmebesøk til eldre
Hjelpemiddelforvaltning

Dimensjonere tilbudet etter behovet

Økt bemanning i tjenesteområdet hjelpemiddelforvaltning Sommeren 2019 ble avd. styrket med en 90% st. ved hjelp av lønnsmidler fra NAV. Fræna hjelpemiddelforvaltning fikk ansvar for Eide fra 01.10.2019- Ny evaluering av behovet våren 2020.

Hjelpemiddelforvalter får ansvar for alle hjelpemidler i kommunen, også ved institusjonene

Ruste opp det kommunale hjelpemiddellageret Temaet er formidlet til kommuneledelsen. Evaluering vår/sommer 2020
Barnevern

Rett hjelp til rett tid

Ingen fristbrudd i saksbehandlinga Ingen fristbrudd i 2019 når det gjelder meldinger, oppfølgingsbesøk eller tilsynsbesøk.

Sikre tilstrekkelig beredskap til barn i krise også utenom kontortid

Evaluere ordningen med barnevernsvakt innen utgangen av 2019 Rapport er under arbeid og blir evaluert i løpet av våren 2020
Tiltak funksjonshemma

Nye lokaler til avlastning for barn og unge koblet til aktivitetstilbud som i dag er i Blinkhuset

Følge opp rapport om etablering i nye lokaler Rapporten blei ikke fulgt opp i Fræna kommune grunnet prosess med kommunesammenslåing og samordning av tjenesteområdet

Bedre tilbudet til de som har BPA (brukerstyrt personlig assistent)

Samle BPA ordningene under samme administrasjon. Sikre koordinering og opplæring/oppfølging Endringene her ble også tatt inn i prosessen med etablering av Hustadvika kommune
Nærvær/trivsel
Målbeskrivelse Mål Resultat

Sjukefråvær

6,5% 6,4%
Kostnadskontroll
Ramme Budsjett Regnskap

Kostnad

51 699 59 645

Avvik: merforbruk på 7 946 tusen

Kommentar:

Ved årsslutt 2019 har Helse-Familie eit netto meirforbruk på ca 7,6 mill.
Dei fleste ansvara har helde ramma, men nokre skil seg ut med store overskridingar. Avdeling barnevern har eit samla meirforbruk på nærare 6,8 mill. Årsakene er fleire: For lita driftsramme i høve tiltak som vart vidareført frå 2018, nye tilsette hausten 2019 i Hustadvika barnevern og at vi no får verknad av barnevernsvaktordninga.

Tiltak funksjonshemma, Bøtunet avlastning har også hatt meirforbruk på omlag 1 mill som skuldast nye og utvida tiltak.

Fræna legekontor har i 2019 eit meirforbruk på nærare 1 mill. Kr 699 424 skuldast at vi for 2019 har betalt rekning til Helfo "Gjesteinnbyggeroppgjør fastlegeordningen" både for 2018 og 2019.

Mindreforbruk på fleire ansvar gjer at overskridingane vart noko redusert.