Tornes skule

Fakta om enheten - Tornes skule

Tornes skule har 100 elevar fordelt på 7 klassar. Dette skuleåret har totalt 18 tilsette. 17 kvinner og 1 mann. Skulen har totalt 16,9 årsverk fordelt på undervisning og læringsassistentstillingar. Tilsette i full stilling som driv undervisning er 7 og deltid 3. Tilsette i full stilling som læringsassistent er 2 og deltid 4. Det er 42 elevar som nyttar SFO-tilbodet ved skulen dette skuleåret. Læringsassistentar i skulen jobbar og i SFO.

Bildet: Rektor Grethe Ingeborgvik

Leverte tenester

Grunnskule: 1.-7.klasse.

SFO-ordning: 1.-4.klasse.

Leksehjelp: 2.- 5.klasse.

Tornes skule jobbar målretta for å gje alle elevane ei oppleving av å høyre til. Eit inkluderande læringsmiljø er målet for alt arbeid.

Viktige hendingar i 2019

Tornes skule vart hausten 2019 sertifisert som «Dysleksivenleg skule». Sertifiseringa kjem på grunnlag av eit godt og grundig utviklingsarbeid ved skule over tid.

Den pedagogiske utviklingstida ved skulen denne hausten har stort sett omhandla innføring av Fagfornyinga frå hausten 2020. Her må skulane gjere eit grundig arbeid for å vere rusta til å ta i bruke dei nye læreplanane.

Resultatet av kommunevalet hausten 2019 gjer at Tornes skule skal drivast vidare som 1.-7.skule. Arbeidet med å ruste opp bygningsmassen for framtida er i gang. Hausten 2019 vart gymsalen renovert innvendig, samt utvendig vedlikehald på bygget. Arbeidet med renovasjon og vedlikehald blir vidareført våren 2020. Det er og sett i gang forarbeid for å utbetre trafikktilhøva rundt skulen.

Bildet: Renovert gymsal- nytt tak og nye veggar, nye lysarmaturar og varmepumper.

Forbetringar gjennomførte i 2019

Skulen har oppretta eit «Innsatsteam mot mobbing». Her sit leiinga, saman med ein representant for pedagogisk personale og ein frå læringsassistentane. Vi meiner eit slik ressursteam skal gje oss auka moglegheit til å lykkast med å skape ein god skule for alle.

Hopp- helsefremmande oppvekst- gje fortsett god inspirasjon til å drive aktiv læring på alle trinn.

Vi har satsa på innkjøp av datamaskinar dette året og. Alle elevar i 3. - 7.klasse har no sin eigen pc på skulen. 1. og 2.klasse bruker Ipad. Vi har tatt i bruk fleire og nyare digitale ressursar.

Skulen har blitt meir digitalisert dette året. Kommunen har som mål at all post til og frå skulen skal skje digitalt. Vi er ikkje der enno, men mykje er på gang no.


Bildet: aktiv læring gjennom HOPP-aktivitet

Ufordringar

Skulen har framleis utfordringar når det gjeld bygningsmasse og tilgang til rom. Vi manglar grupperom, og vi manglar viktige spesialrom som vil vere nødvendig for å oppfylle krava i framtidas skule. Planlegging for å få dette på plass er i gang. Ein del av dette arbeidet er å tilpasse skulen for rullestolbrukarar. Det blir og viktig å få på plass ei løysing på dei trafikale utfordringane rundt skulen.

Kvalitet
Målbeskrivelse Mål Resultat

Resultat på nasjonale prøver -lesing

50 53

Resultat på nasjonale prøver - engelsk

50 50

Resultat på nasjonale prøver - rekning

50 54

Elevundersøking - mobbing

(Andelen elever som opplever mobbing)

0% 4,9%

Elevundersøking - oppnå godt resultat på elevundersøkelsen - trivsel

(skala fra 1 til 5, der 5 er best)

4,5 4,2

PC-dekning

75% 100%
Nærvær/trivsel
Målbeskrivelse Mål Resultat

Sykefravær

7% 2,31%
Kostnadskontroll
Ramme Budsjett Regnskap

Kostnad

11 376 10 870

Avvik fra budsjett: Mindreforbruk på 506 tusen

Mindreforbruk skyldes at høyt lønnet personell som gikk av med pensjon, ble erstattet av ufaglært lærer.