Rådmannens kommentarer

Rådmannen sin kommentar til årsrekneskapen for 2018

Økonomi

For 3 år sidan vart økonomien i Fræna friskmeldt. Etter mange år som ROBEK-kommune, fekk kommunestyret igjen råderetten over kommuneøkonomien. I perioden etter har vi leverte sterke resultat i Fræna.

I 2018 snudde denne trenden, og rekneskapen syner eit 0-resultat. Grunnane til dette kjenner vi, men endringa gir sjølvsagt grunn til uro. Den same tendensen gjer seg gjeldande i mange andre kommunar, og ber bod om stramare kommuneøkonomi i åra framover.

I 2017 var netto driftsresultat i kommunen om lag 40 mill. Kort fortalt gjekk det meste vår veg, og la grunnlaget for det gode resultat. I 2018 har vi sett det motsette; det meste gjekk ikkje vår veg.

Vi hadde eit meirforbruk i den kommunale drifta på 10,8 mill. Dette er om lag 16 mill. svakare enn året før. Kostnadsauken er særskilt stor innanfor områda Barnehagar, Heimebaserte tenester og Helse og familie. Mange av dei andre driftseiningane i kommunen sleit også med å halde budsjettramma, og gjekk ut av året med meirforbruk.

Skatteinngangen i 2018 var god, og medverka i stor grad til at kommunen ikkje fekk eit raudt tal på nederste linja i årsrekneskapen.

Kommunale tenester

Skulesak har vore ei betent sak i Fræna i mange år. I 2018 gjennomførte vi eit omfattande arbeid med skulestrukturen i Fræna. Vi hadde Telemarksforkning inne som ekstern konsulent i dette arbeidet. I november konkluderte kommunestyret, og vedtok at 5.-7. klassane ved Tornes skule og Sylte/Malme skule vert overført til sentrumsskulen når denne vert ferdig. Det hastar å få gjennomført denne endringa, og gjennom denne verte i stand til å kunne hente ut driftsmessige fordelar. Den politiske usemja om skulestruktur er framleis stor. Dette gir grunn til uro.

Arbeidet med den nye skulen på Jendem starta opp i 2018. Denne legg grunnlaget for ei samling av alle barnehageelevane på sørsida, og ei avvikling av skuledrifta i Aureosen.

Innenfor omsorgssektoren står vi overfor store utfordringar det neste tiåret. Talet på eldre over 80 år aukar sterkt. Dette vil sette kommunen på prøve.

I 2018 analyserte PwC omsorgstenestene i Fræna og Eide. PwC konkluderte med at Hustadvika kommune ikkje vil vere i stand til å levere gode tenester dersom kommunen ikkje gjennomfører ei sentralisering og samling av tenestetilbodet. Dette vil legge grunnlaget for ein meir effektiv bruk av det spesialiserte helsepersonellet i kommunen.

Tettstedsprogrammet

Arbeidet med å utvikle Elnesvågen til kommunesenter for Hustadvika – Tettstadprogrammet, har hatt fullt trykk i 2018. Tre arkitektteam leverte sine framlegg til utforminga av Elnesvågen.

Alle teama hadde fokus på å skape eit sentrum som fungerer godt for dei som driv næringsverksemd, dei som bur og ferdast i sentrum, og som er berekraftig i eit miljøperspektiv.

Kommunen gjennomførte mange temamøter med ulike interessentar og fleire folkemøter om temaet. Ei breidt samansett vurderingsgruppe har i ettertid samla innspela frå arkitektane, og staka ut kursen for sentrumsutviklinga.

Organisasjon

Arbeidet med å førebu samanslåinga av Fræna og Eide har krevd mykje av organisasjonen i 2018. Det er ein omfattande prosess å slå saman to store organisasjonar. I utgangspunktet skulle ein tru at kommunane var rimeleg like, men vi fekk raskt sjå at skilnadene er mange. Kommunane har vore ulike både med omsyn til organisering, tenesteleveranse og kultur.

Vi har stadig arbeidd oss tettare saman, og skal vere klar med ny kommune frå 2020.

Elnesvågen, 15. mars 2019

Anders Skipenes, rådmann