Helse og familie
Helse og familie - fakta om enheten
Eining Helse-Familie hadde i 2018 med tilkallingsvikarane om lag 85 tilsette med 13-14 ulike yrkes og faggrupper (sjå tabell under).
Bildet: Enhetsleder Iren Stranden
Oversikt over avdelingene og tal tilsette
Avdeling | Tilsette | Merknad |
---|---|---|
Helsestasjon med skulehelseteneste og jordmor | 16 | Helsesøstre, helsesjukepleiarar, jordmor, sekretærar, klinisk ernæringsfysiolog |
Prosjektstillingar | 4 | Finansiert gjennom tilskuddsmidler til utvikling og styrking av helsestasjon- og skolehelsetjenesten i Fræna |
Miljøretta helsevern/smittevern | 1 | Tilsett i 50% stilling (kommuneoverlegen) |
Fræna legekontor | 7,5 + 6,58 | Legestillinger og hjelpepersonell |
Helseteneste Hustad Fengsel | 5,2 | Deriblant 2 legar som deler ei 25% stilling |
Fysioterapi/rehabilitering | 4,4 + 1 | Fysioterapeut og ergoterapeut |
Hverdagsrehabilitering | 4 | 1 fysioterapeut,1 ergoterapeut, 1 sjukepleiar, 1 heimetrenar |
Fræna fysikalske institutt | 3 | Driftstilskott for 3 fysioterapeutar i 100% |
Hjelpemiddelansvarleg – teknisk del | 1 | |
Barnevern | 9 | 8 fagstillingar + 1 sekretær |
Tiltak funksjonshemma | 10 | Tal tilsette totalt: 10: 1 leder i 100%, 6 tilsette i deltidsstilling BPA og 3 vikarar |
Bøtunet avlastningsleiligheter | 19 | Alle er deltidsstillinger, tilsammen 10 årsverk |
Viktige hendingar i 2018
Politiske vedtak:·
- Fræna plan og økonomiutval sa ja til å vaksinere russen 2018 mot hjernehinnebetennelse
- Fræna kommunestyre vedtar at akuttberedskap i barnevernstenesta skal på plass i Fræna kommune i løpet av 2018.
- Fræna kommunestyre gjekk inn for å fornye avtalen med fastlegane og vedtok endring av driftsform ved Torget legekontor A/S.
Prosjekt:
- Utvikling og styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta – prosjekt på andre året.
- Frisklivsentralen har prosjektmidlar i høve gruppetilbod barn og unge.
Andre tilbod:
- Tverrfagleg Råd hadde 7 møte i 2018 - av desse var 2 besøk i barnehagar i kommunen og eit skolebesøk. Saker som kom til rådet var meldt frå barnehagar/skolar..
- Psykososialt kriseteam. Hadde i 2018 fire faste møte i samsvar med rutinebeskrivinga. Teamet var i tillegg involvert i fire einskildsaker der medlemmer av teamet var involvert.
Helsestasjon med skulehelseteneste og jordmor
Leverte tenester:
Det blei fødd 110 nye barn i Fræna i 2017.
- Jordmor har starta opplæring i NBO (NewbornbehaviouralObservasion)
- Jordmor har utarbeidd prosedyre for bruk av EPDS, tweak og vold i nære relasjonar.
- Helsestasjonen 0 – 5 år følgjer no alle konsultasjonane jfr vegleiar
- Vi har gitt eit nytt fast gruppetilbod til alle barn født frå januar 2018
- Vi har i 2018 gitt COS-P (tryggleiksirkelen) til to grupper, ein i Elnesvågen på dagtid og ein i Bud på ettermiddag.
- Vi har arrangert eit HOPP Friskus kurs over fem kurskveldar for småbarnsforeldre, samarbeid med frisklivsentral
- Samarbeid med BUP, ytre team. Faste møte 1 gong pr. mnd. Lavterskeltilbod.
- Helsesøster har faste møte med barnehagane og barnevernstenesta 2x pr år.
Forbetringar:
- Vi får nå elektroniske dialogmeldingar frå sjukehuset om fødsel og venta utreisedato.
- Kompetanseheving for helsesøster/jordmor ved deltaking i prosjekt: «Tidlig inn» Målet er å komme tidleg inn i høve vanskar knytt til psykisk helse, rusmiddel og vald i nære relasjonar.
Utfordringar:
- Det er sårbart med ei jordmor i høve feriar og anna fråvere
- Manglande tilbod til familiar og barn der det er behov for meir enn den vanlege rutinekontrollane og oppfølging over tid
Miljøretta helsevern/smittevern
- Sesonginfluensa - vaksinering, har sett 674 vaksiner
- I 2018 er det gitt HPV-vaksine til 161 jenter født i 1991 og seinere. Tenesta vil få refundert kr.200,- pr sette vaksine.
Fræna legekontor, Torget legekontor og legevaktsamarbeid
Hendingar:
- Fræna legekontor har stabil legedekning. Legevaktsamarbeidet går godt.
- Frå 01.06.2018 blei Torget legekontor ein del av Fræna legekontor, men har framleis tilhald på Torget sine lokale. I september blei det tilsett ny lege – det er i dag to leger som har kontor ved Fræna legekontor avd. Torget
Utfordringar:
- Samlokalisering av all legeteneste er ei utfordring då det ikkje er plass til alle legane i kontorene i Sentervegen. Delt lokalisering fører til meirutgifter då det er naudsynt med dobbelt opp av noko medisinsk utstyr.
Fysioterapi og rehabilitering
Leverte tenester:
- Avdelinga har gitt tilbod til barn i alderen 0-16 år, og til vaksne med behov for tverrfagleg oppfølging eller heimebehandling.
- Kommunefysioterapitenesta har hatt til saman 13 treningsgruppetimar kvar veke. Det har vore stor pågang på gruppene, og ventetid på dei fleste av tilboda.
- Ein kommunal fysioterapeut har gitt tilbod til innlagte ved rehab.avd. 5 føremiddagar pr. veke. Ergoterapeut har ytt tenester i rehab.avd. etter behov.
- Ein kommunal fysioterapeut har gitt tilbod om lymfødem behandling etter tilvising
- Ergoterapeut har kartlagt brukarar sine behov i heimen, gitt hjelp til brukarar i hjelpemiddel-søking, hjelp med tilrettelegging av eigen bustad m.m. Ergoterapeuten har også gitt tilbod om ADL-trening, finmotorisk trening m.m.
- Frisklivssentralen får dei fleste tilvisingane frå fastlegar og kreftkoordinator, samt at brukarar tek kontakt sjølve. Sentralen har gitt tilbod til deltakarar i form av helsesamtalar, eigne treningsgrupper, Bra mat kurs for vaksne (x1), Bra mat kurs for barnefamiliar (x1), Diabeteskurs (x2) og Livslystkurs (x1). Treningsgruppene har i snitt hatt 8-10 deltakarar per gruppe, dei aller fleste er damer og snittalderen har vore på ca. 50 +. Vi har hatt god oppslutning rundt dei fleste kursa, med deltaking på rundt 8-15 stk. per kurs.
Forbetringar:
- Oppstart av nytt treningstilbod for Seniorar i deira eige lokalmiljø; Sterk og stødig, januar 2018.
- Oppstart av nytt gruppetreningstilbod “Aktiv trening” til kreftpasientar, hausten 2018.
- Oppstart av gruppetilbod/ tematimer ved helsestasjonen til alle foreldre med barn i 8 vekers alder, mars-18.
- Tilbod om individuelle konsultasjonar for gravide med bekken- og ryggplager i samarbeid med jordmor, februar-18.
- Oppstart av Bra mat kurs til barnefamiliar i samarbeid med helsestasjonen, hausten 2018.
- Utvida tilbod ved Frisklivssentralen til også å gjelde barn og unge (i samarbeid med helsestasjonen), februar 2018.
- Vi har opna treningssalen på kveldstid for personar med spesiell avtale i butenesta og psykiatritenesta, våren 2018.
- Det tverrfaglege kvardagsrehabiliteringsteamet med 4 heile stillingar hadde oppstart i mars. Sjå eiga årsmelding.
Utfordringar:
- Stor etterspurnad på tenestene generelt og stort arbeidspress på dei tilsette. Behov for å auke stillingsressursane, både ergoterapeutar, kommunalt tilsette fysioterapeutar og fleire fysioterapeutar med driftstilskott. (Fysikalsk institutt)
- Låge kostra talnår det gjeld både fysioterapeutar og ergoterapeutar per 10 000 innbyggar. I 2016 var kostra talet pr 10 000 innbyggjar for fysioterapeutar i Fræna 7,4. I KG10 er snittet på 9,2 og for Molde 10,1, Eide 10,1 og Aukra 11,1. NFF tilrår 17 fysioterapeutar per 10 000 innbyggjarar for å dekke innbyggjarane sine behov. Kostratal for ergoterapeutar ligg også vesentleg under landsgjennomsnittet.
Fræna fysikalske
- Tidlegare utskrivne pas. Jfr. samhandlingsreforma har resultert i fleire og dårlegare pas. på ventelistene.
- Same behandlingstilbod som tidlegare år, individuell behandling og gruppebehandling
- Det er innført prioriteringsnøkkel og nytt system for nye tilvisingar.
- Instituttet hadde 105 avvik på overskriding av ventetid jfr prioriteringsnøkkel -nasjonal standard.
- Vanleg ventetid har vore 6-8 veker, for prioriterte plass i overkant av 2 veker.
Hjelpemiddelformidlinga
Leverte tenester:
- Frå NAV hjelpemiddelsentral er det motteke og levert vidare 1702 hjelpemiddel mot 1380 i 2017.
- Avdelinga har også ansvar for 130 alarmar. Når vi installerer alarmane, monterer vi også røykvarslarar knytt til alarmen. Vi er no i ein prosess med utskifting til nye digitale GSM-alarmar.
- Avdelinga har også ansvar for kartlegging av låsar i samband med overgang til elektroniske dørlåsar.
Det er registrert 103 nye brukarar i løpet av året. Vidare er det stort forbruk av hjelpemiddel som vi har på kommunalt lager.Dette fører til mykje utkøyring/innhenting, vask og vedlikehald.
Hendingar/Forbetringar:
- Hjelpemiddel forvaltninga fekk våren 2018 ny tenestebil. Køyrelengde pr år er omlag 20 000 km
Utfordringar:
- Stadig auke i arbeidsoppgåvene med fleire hjelpemiddel som skal leverast/reparerast/settast i stand.Meir arbeid med tryggleiksalarmar samt etter kvart dørlås, vil gi store utfordringar i 2019. Køyretid til og frå oppdrag, samt tid til installering/reparasjon av hjelpemiddel/tryggleiksalarmar, vil i større grad sette grenser for tenestetilbodet.Fleire brukarar vil måtte vente lengre før dei får den hjelpa dei skal ha, og sjansen for å få overliggarar på sjukehus vert større.
- Relativt mange administrative oppgåver for ei so lita avdeling er også ei utfordring.
Barnevern
Leverte tenester:
- Alle meldingar og undersøkingar vart gjennomført innafor frist også i 2018.
- Det same gjeld oppfølgingsbesøk og tilsynsbesøk.
- Tilsette har faste møter med barnehagane og helsestasjonen 2x pr år.
- Har gitt tilbod til 3-4 ungdomar gjennom «Kjør for Livet»Eit fritidstiltak med motorkross o.l
Forbetringar:
- Akuttberedskap – eigen barnevernsvakt i Fræna kommune starta hausten 2018 og skal evaluerast i 2019.
Utfordringar:
- Endringar i statleg barnevern har ført og fører til nedlegging av ein del statlege tiltak – utfordringar å etablere nye lokalt. Lokale tiltak eller kjøp av private vert ofte dyre.
Tiltak funksjonshemma m/ Bøtunet avlastning
Leverte tenester:
- Tenester vert sett i verk etter vedtak gjort ved forvaltningskontoret.
- 5 tenestemottakarar har BPA tilbod
Hendingar:
- Starta faste møte med Forvaltningskontoret
Utfordringar:
- Rekruttere personar til å gjennomføre tiltak – eks- støttekontakt/avlastning o.l.
- Gje alle som arbeider som støttekontaktar, BPA og avlastaroppfølging, tilbod om kurs og anna vegleiing.
Tiltaket Bøtunet avlastning:
Leverte tenester:
- Opent måndag – fredag, frå 08.00 – 20.00 . Avlastning 3 helger pr. mnd
- 11 tenestemottakarar i alderen 3-38 år. (7 jenter og 4 gutar)
Hendingar:
- Nytt samarbeidstiltak – skal administrerast frå avdelinga.
- Sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere nye lokale til Bøtunet avlastning.
Utfordringar:
- Nye vedtak i avlastinga fører til meir behov for administrering av gruppa av tilsette, kontakt med pårørande og deltaking i ansvars/samarbeidsgrupper. Auka behov for administrativ ressurs.
- Nye vedtak i løpet av året fører til utfordringar i å halde budsjettet.
- Mykje skifte i personalgruppa av ulike årsaker, omsorgspermisjonar o.a.
Kvalitet | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Fysio/rehabilitering | ||
Styrke det helsefremmende og forebyggende arbeidet |
Bidra i implementering av HOPP. Utvide tilbudet til Frisklivssentralen til også å gjelde barn og unge | Gjennomført |
Fysio/rehabilitering | ||
Styrke satsing på rehabilitering |
Oppstart «sterk og stødig» treningstilbud til seniorer. Få på plass tverrfaglig innsatsteam innenfor Hverdagsrehabilitering | Gjennomført |
Hjelpemiddelforvaltning | ||
Ruste opp tilbudet i forbindelse med etablering av hverdagsrehabilitering |
Øke bemanning i tjenesten og fornye hjelpemiddelparken | Under arbeid |
Barnevern | ||
Rett hjelp til rett tid |
Ingen fristbrudd i saksbehandlinga | Gjennomført |
Barnevern | ||
Sikre tilstrekkelig beredskap til barn i krise også utenom kontortid |
Vurdere akuttberedskap i barnevernet utenom ordinær kontortid | Gjennomført |
Helsestasjon/skolehelsetjenesten | ||
Styrke det helsefremmende og forebyggende arbeidet |
Implementering av HOPP ved helsestasjon, skole og barnehager | Under arbeid |
Helsestasjon/skolehelsetjenesten | ||
Alle barnekontroller blir gjennomført i tråd med forskrift/veileder |
Ingen avvik ved barsel oppfølging eller barnekontroller | Gjennomført |
Helsestasjon/skolehelsetjenesten | ||
Gjennomføring av kompetanseheving knyttet til psykisk helse, rus og vold |
Følge opplæring TIDLIG INN, og følge kursrekke RVTS | Gjennomført |
Nærvær/trivsel | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Sjukefråvær |
6,5 | 7,9 |
Sjukefråvere i Helse-Familie har gått opp sidan 2017 då det var 5,6. I nokre avd. har vi hatt langtidsjukemeldte som nok bidrar til årets tal. Fleire av avd. har fråvere langt under ønska resultatmål. Vi følger med om fråveret er arbeidsrelatert. |
||
MedarbeiderundersøkingaInga undersøking i 2018 |
Kostnadskontroll | ||
---|---|---|
Ramme | Budsjett | Regnskap |
Kostnad |
50 291 | 52 705 |
Avvik: - 2 414 tusen Kommentar: Barnevern: Tiltak barne. og ungdomsvernet (3611) - her er det eit faktisk meirforbruk på tiltak på 1,7 millionar medan inntekssida har ein svikt på ca 800 tusen. Nettomeiforbrulket vert då 2,5 millionar. Svikt i inntekt er m.a.skuld i endringar i refusjonsreglar og dyrare tiltak. Plassering i institusjonar. Barnevernkuratorar (3610) - Her er netto meirforbruk ca 950 000 og som skuldast meir bruk av overtid enn budsjettert.Her skuldast innføring av barnevernsvakt frå og med november 2018 noko av meirutgiftene Avd. Tiltak til personar med nedsett funksjonshemmingTiltak innafor denne tenesta har også meirforbruk ved årsslutt. Nye og utvida tiltak etter lover årsak til dette. Bøtunet avlastning + eit samarbeidstiltak for eit barn (3641) - har eit samla netto meirforbruk på omlag 1,8 mill.Dette skuldast nye og tidlegare utvida tilbod etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova. Gjennomførte tiltak for å holde ramme: 1.Involvert og gjort avd.leiarane og deira medarbeidarar ansvarlege i Visma budsjett/rekneskap 2. Rekneskap har vore tema i avd.leiarmøta. 3. Einingsleiarar som kan få uforutsette utgifter/nye har hatt ekstra oppfølging. 4.Fokus på å få inn inntektene eininga har uteståande |