Tornes skule
Fakta om enheten - Tornes skule
Tornes skule har 96 elevar fordelt på 7.klassar. Dette skuleåret har vitotalt 19 tilsette. 18 kvinner og 1 mann. Skulen har totalt 16,2 årsverk fordelt på undervisning oglæringsassistentstillingar. Tilsette i full stilling som driv undervisning er 7 og deltid 3. Tilsette i full stilling som læringsassistent er 2 og deltid 5. Det er 34 elevar som nyttar SFO-tilbodet ved skulen dette skuleåret. Læringsassistentar i skulenjobbar og i SFO.
Bildet: Rektor Grethe Ingeborgvik
Leverte tenester
Grunnskule: 1.-7.klasse.
SFO-ordning: 1.-4.klasse.
Leksehjelp: 2.- 5.klasse.
Tornes skule jobbar målretta for å gje alle elevane ei oppleving av å høyre til. Eit inkluderande læringsmiljø er målet for alt arbeid.
Viktige hendingar og politiske vedtak som gjeld for eininga i 2018
Eit kommunalt vedtak om at alle skulane i Fræna skal sertifiserast som dysleksivennleg har prega utviklingsarbeidet ved skulen dette året. Vi har sendt vår søknad til Dysleksiforbundet, og vidare prosess mot sertifisering er planlagt våren 2019. Vi har gått igjennom rutinane våre og utarbeida nye i tråd med krava for å bli sertifisert.
Hausten 2018 vart HOPP - Helsefremmande oppvekst, innført i Fræna-skulen etter vedtak i kommunestyret. HOPP er eit tverrfagleg kommunalt samarbeid, som skal leggje til rette for sunn livsstil hos barn og unge, gi betre læring, auke trivsel og førebyggje livsstilsjukdommar og inaktivitet. Vi er godt i gang med Hopp-aktivitet i alle klassar, samt i SFO. Heile personalet har gjennomført kursing. Skulen har ein eigen ressursperson som skal sikre gjennomføring lokalt.
Vedtaket i kommunestyret hausten 2018 om endra skulestruktur vil få konsekvensar for skulen vår. Tornes skule er vedtatt endra til ein 1.-4.skule med verknad frå tidlegast hausten 2021.
Forbetringar gjennomførte i 2018
Skulen har deltatt i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage- og skulemiljø». Gjennom deltaking her, har skulen jobba systematisk med å utarbeide rutinar og prosedyrar knytt til elevane sitt læringsmiljø. Dette arbeidet er no avslutta.
Skulen har oppretta eit «Innsatsteam mot mobbing». Begge desse tiltaka gjer oss enda betre rusta til jobben med å skape eit inkluderande læringsmiljø for alle.
Småtrinnet på Tornes skule har ute-skule fast i planane sine. Vi gjer dette for å skape gode og alternative læringsarenaer for elevane våre. Skulen bruker nærområdet som læringsarena i ute-skulen. Strandsona, skogen og fjellet er naturlege område å ta i bruk. Besøk på det lokal museet ligg i skulen sine årsplanar (Heimdal).
Vi har satsa på innkjøp av datamaskinar dette året. Alle elevar i 4.-7.klasse har no sin eigen pc på skulen. Innkjøp til 3.klasse er lagt inn i skulen sitt budsjett. I 1. og 2.klasse bruker vi Ipad.
Ufordringar
Skulen har framleis utfordringar når det gjeld bygningsmasse og tilgang til rom. Vi manglar grupperom, og vi manglar viktige spesialrom som vil vere nødvendig for å oppfylle krava i framtidas skule. Vi har ikkje sløydsal, musikkrom og naturfagrom. Slike spesialrom vil vere ein viktig brikke i det å utdanne elevar for framtida.
Skuleklasse på besøk hos redningsskøyta i båthamna på Tornes
Kvalitet | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Elevundersøking - trivsel |
4,5 | 4,3 |
Elevundersøking - mobbing |
0 | 0 |
Resultat på nasjonale prøver -lesing |
50 | 53 |
Resultat på nasjonale prøver - engelsk |
50 | 50 |
Resultat på nasjonale prøver - rekning |
50 | 49 |
Nærvær/trivsel | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Sykefravær |
6,5% | Skule: 1,85% og SFO: 0,76% |
MedarbeiderundersøkingaDet er ikkje gjennomført medarbeidar-undersøking i 2018, men vi har utarbeida ei lokal handlingsplan etter gjennomføring av 10-faktor hausten 2017. |
Kostnadskontroll | ||
---|---|---|
Ramme | Budsjett | Regnskap |
Kostnad |
11 066 | 10 711 |
Avvik fra budsjett: Mindreforbruk på 355 tusen |