Tornes skule
Fakta om enheten - Tornes skule
Tornes skule har 90 elevar fordelt på 7.klassar. Vi har totalt 17 tilsette. 16 kvinner og 1 mann. Skulen har 9,3 årsverk undervisning og 4,42 årsverk assistent. Tilsette i full stilling som driv undervisning er 7 og deltid 3. Tilsette i full stilling assistent er 2 og deltid 3. Skulen har valt å satse på tidleg innsats når det gjeld fordeling av ressursar. Det er 23 elevar ved Tornes SFO.
Bildet: Rektor Grethe Ingeborgvik
Aktiviteten ved skulen
På Tornes har vi trua på at trivsel skaper god læring. Vi arbeider aktiv for å skape eit godt læringsmiljø gjennom god klasseleiing, aktivt elevråd, læring og aktivitetar på tvers av klassane, eit godt skule-heim samarbeid og ei vel fungerande TL-ordning. FAU arrangerer kvart år «Open dag» i samarbeid med skule. Tema i år var «Matematikk er gøy» Rundt omkring på klasseromma var det ymse aktivitetar med matematikk som tema. I gymsalen vart det opna kafe med mat- og kaffeservering. Ein vellukka ettermiddag på alle måtar. Skulen har starta eit utviklingsarbeid om å utvikle inkluderande skulemiljø saman med tre andre skular og dei kommunale barnehagane i kommunen. Fokus på utviklingarbeid er nødvendig for å møte krava til ein god skule for alle.
Leverte tenester
Elevane på Tornes skule er flinke, men vi treng framleis å jobbe hardt for oppnå betre læringsresultat. Dette er ei jobb som må ha dagleg fokus. Elevundersøkinga denne hausten ga oss svar på at vi gjer mykje bra, men at vi har utfordringar vi må jobbe vidare med. Dette gjeld spesielt elevmedverknad, og det å jobbe med varierte arbeidsformer. Medarbeidarundersøkinga viser at vi har nokre utfordringar. Eit godt arbeidsmiljø krev også dagleg innsats! Trivselen er høg både blant elevar og vaksne. Det tyder godt!
Forbetringar gjennomførte i 2016
Skulen har jobba godt med å få på plass rutinar når det gjeld spesialpedagogisk arbeid. Dette kjem elevane våre til gode. Vi har hatt fokus på å innføre It’s learning som pedagogisk plattform. Vi er godt i gang. Det er montert Smart Board i alle klasserom frå skulestart 2016. Dette legg grunnlag for nye og andre undervisningsformer. Hausten 2016 ble «Apejungelen» innvia på skulen. Ordførar og elevar klipte snora til eit flott anlegg som er med på å auke trivselen, og på den måten medverke til på eit betre læringsmiljø. Det var FAU som sto bak dette prosjektet.
Ufordringar
Den største utfordringa skulen står med no, er ein bygningsmasse som treng oppgradering. Den eldste delen av skulen er frå 1957 og tilfredsstiller ikkje krava til moderne skuledrift. Tilsyn på «Miljøretta helsevern» avdekka avvik både på luftkvalitet og støy. Vindauga i gamledelen er også frå 1957, og tilstanden er deretter. Klasseromma er for små etter dagens standard. Taket i gymsalen vår går delvis i oppløysing og treng vedlikehald. Det same gjeld bygningsmassen utvendig.
Skulen ser også ei utfordring i å knytte til seg kvalifisert arbeidskraft. Det er få søkarar til ledige stillingar ved skulen. Dette skaper uro for kvaliteten på det tilbodet skulen skal gi den komande slekta.
Kvalitet | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Elevundersøking - trivsel |
4,0 | 4,3 |
Elevundersøking - mobbing |
5,0 | 4,7 |
Resultat på nasjonale prøver -lesing |
50 | 41 |
Resultat på nasjonale prøver - engelsk |
50 | 45 |
Resultat på nasjonale prøver - rekning |
50 | 43 |
Nærvær/trivsel | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Sykefravær |
6,5 | 4,4 |
Medarbeiderundersøkelse |
4,5 | 4,6 |
Kostnadskontroll | ||
---|---|---|
Ramme | Budsjett | Regnskap |
Kostnad |
9 757 | 9 746 |
Avvik fra budsjett: Mindreforbruk på 11.000,- Tiltak for å halde ramme:
|