Teknisk forvaltning
Fakta om enheten - teknisk forvaltning
Eininga har 38 tilsette og ein einingsleiar fordelt på fire avdelingar der brannberedskap utgjer den største.
Bilde: Einingsleiar Rune Iversen
Avdelingar:
- Brann (26), feiing (2)
- Geodata (3)
- Byggesak (3)
- Plan (3)
Eininga behandlar opp mot 700 bygge- og elingssaker, 150 matrikkelbrev, 5-10 reguleringsplanar i året, 15-25 mindre planendringar, 140-150 meglarpakkar, feiar 3 500 piper i Fræna og 1 400 i Eide, med tilsyn på private bustadar og noko under 100 spesielle brannsyn på skular, barnehagar, industri-, forsamlings- og næringsbygg.
Viktige hendingar i 2016
Klagebehandling var tidlegare administrativt, men er no i vesentleg grad gjort politisk. Endringa krev oppfølging for klargjering av roller og handlingsrom.
Oppstart av planprosesser:
- Bud - Fleskvikshaugen hyttefelt
- Skottheimsvik - Marholmsletta hyttefelt
Bilde: planavdelingen på teknisk forvaltning (fra venstre) Ann Sissel Heilevang, Mona Skram Rustad og Wenche Lyngstad
Vedtatte reguleringsplaner:
- Varholvegen - ei vidareføring fram til FV 64
- Bud - Prestemarka
- Bud - Bergset, bestemmelser til gangveg
- Jendem - Bakketeigen boligfelt
Leverte tenester
- 75 hendingar i brann, bakvakt for heimesjukepleie, innbrotsalarmar på skulane, teknisk vakt, politifunksjon (PLIVO), ambulansefunksjon (medan vi ventar på ambulansen)
- Bygge- og delingssaker mellom 6 og 700 saker kvart år fordelt med 150 på deling og 500 på byggesak. I tillegg oppfølging av 200 ulovlege saker etter plan- og bygningsloven og forureiningsloven
- Plansaker behandling av private planforslag og eigenproduksjon fordelt med om lag 50% på kvar
- Oppmålingssaker ca 150 saker i året.
Det skal no utreknast sjøvkost på dei tre siste saksområda
Forbetringer gjennomført i 2016
Vi har hatt kontroll på arbeidet vårt på Geodata, og er som einaste avdeling i heile landet utan merknad eller avvik for tenesta! Det vert gjennomført eit arbeid for å få til eit tilsvarande system på byggesak og plan.
Utfordringar: Vi har etterlyst oppfølging av strandsoneplan mm som det vart bede om i 2013. Denne mangelen gjer frådelingar i desse områda vanskeleg og vert vurdert som einskildsaker. Det er desse sakene som dannar grunnlaget for seinare behandlingar medan rammeverket manglar.
Utfordringar
Kartlegging av strandsona i Fræna har enno ikkje blitt gjennomført. Dette gjer frådelingar i desse områda vanskeleg, og at dei må vurderast som einskildsaker. Så lenge dette rammeverket ikkje er på plass, vil sakshandsaminga vere lengre enn ønskjeleg.
Kvalitet | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Brann/ Feiing: talet på alvorlege brannar skal gå ned gjennom aktivt førebyggjande arbeid i bedrifter og bustadar (DNB statistikk) |
Redusere | Redusert |
Byggesak: alle byggesaker med lovfesta saksbehandlingstid skal vere behandla innan fristen (inntektsbortfall) |
100% | 95% |
Plan: Alle planer skal vere behandla innan lovfesta tidsramme. Eigenproduksjon skal følgje oppsett og akseptert handlingsplan (bortfall av inntekter og verifiserbar oppfølging) |
100% | 100% |
Geodata: Overhalde lovbestemte tidsfristar
(inntektsbortfall og statistikk frå Statens Kartverk) |
100% | 100% |
Nærvær/trivsel | ||
---|---|---|
Målbeskrivelse | Mål | Resultat |
Sykefravær |
6,5 | 7 |
Medarbeiderundersøking |
4,5 |
Kostnadskontroll | ||
---|---|---|
Ramme | Budsjett | Regnskap |
Kostnad |
7 980 | 8 787 |
Avvik fra budsjett: Inntektsbortfall på alle tre sjølvkostområda. Mest på plan. Årsak: Plan er finansiert gjennom prosjekt, og det er ikkje skrive rekning for følgjande planarbeid: Varholvegen, Skotten – Farstad, gangveg, områderegulering Sylte skule. Her vil det seinare kome ei inntekt på om lag 700 tusen kroner. Tek ein omsyn til dette utgjer meirforbruket i 2016 84 tusen kroner. Tiltak for å holde ramme: Det var ei feilføring i rekneskapet der regulering på Lauvåsen vart inntektsført to gonger. Den eine ved utfakturering til kommunen, den andre ved 1. avdrag til utbyggingsselskapet for Lauvåsen. Dette gjorde at ein ikkje vart merksam på tilhøvet. |