Helse og familie

Helse og familie - fakta om enheten

Eining Helse-Familie hadde i 2016 med tilkallingsvikarane om lag 65 tilsette med 13-14 ulike yrkes og faggrupper (sjå tabell under).

Bildet: Enhetsleder Iren Stranden

Oversikt over avdelingene og tal tilsette

Oversikt over avdelingene og tal tilsette
Avdeling Tilsette Merknad
Helsestasjon med skulehelseteneste og jordmor 10 8 helsesøstre, 1 jordmor, 1 sekretær
Miljøretta helsevern/smittevern 1 Tilsett i 50%
Fræna legekontor 5,5 + 4,7 Legestillinger og hjelpepersonell
Helseteneste Hustad Fengsel 5,2 2 legar som deler ei 25% stilling
Fysioterapi/rehabilitering 4,1 + 1 Fysioterapeut og ergoterapeut
Fræna fysikalske institutt 3 Driftstilskott for 3 fysioterapeutar i 100%
Hjelpemiddelansvarleg – teknisk del 1
Barnevern 9 8 fagstillingar + 1 sekretær)
Tiltak funksjonshemma 7 Tal tilsette totalt: 7, 1 leder i 100%, 6 tilsette i deltidsstilling BPA
Bøtunet avlastningsleiligheter 15 Alle er deltidsstillinger

Viktige hendingar i 2016

Politiske vedtak:

  • Fræna kommune sa ja til å vere med i ei felles oppreisningsordning for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal. Avtalen inneber deling av utgifter til sekretariat og utval
  • Fræna har ikkje enno hatt sak i utvalet som har ført til erstatningsutbetaling.

Budsjettvedtak:

  • Tildeling av lønsmidlar til 50 % fysioterapistilling som skal jobbe innafor skulehelsetenesta.
  • Frisklivsentralen fekk våren 2016 tildelt 150 000 kr. i prosjektmidlar for å vidareutvikle sentralen til også å kunne ta imot barn og unge.
  • Helsestasjon har fått tilført lønsmidlar til MOT arbeid og lønsmidlar til ei 50% stilling helsesøsterstilling
  • I Investeringsbudsjettet vart det sett opp midlar til ny bil for Hjelpemiddelforvaltninga.

Husvære/lokale:

  • Fræna legekontor flytta inn i nye restaurerte og tilrettelagte lokale i gamle helsesenteret.
  • Barnevern flytta inn i kontor i 2. høgda i Rådhuset. Heile avdelinga vart slik samla. Konsulent for funksjonshemma flytta ned i første etasje i Rådhuset.

Prosjekt:

Fræna kommune v/rådmannen har skrive under avtale om implementering av «Kvalitet i alle ledd» eller «Samhandling om hjelpetilbod til barn og unge». Vi er i gang med å gjere forløpet kjent for aktuelle tenester i kommunen. Eit fortløpande informasjonsarbeidet er naudsynt.

Fræna kommune er med i prosjekt i regi av Molde krisesenter "Handlingsplan mot vold i nære relasjoner", der planen skal ferdigstillast våren 2017.

Fræna kommune har starta forarbeid til eit tverrfagleg prosjekt HOPP ( helsefremmande oppvekst). En studietur til Horten kommune vart gjennomført hausten 2016. Ein tverrfagleg delegasjon frå Fræna på 8 personer inkludert kommunalsjef vart inspirert til å starte liknande arbeid her i kommunen.

Tverrfagleg råd hadde 9 møter i 2016. Av desse var 3 besøk i barnehagar i kommunen.

Psykososialt kriseteam hadde i 2016 fire faste møte i samsvar med rutinen. Teamet var i tillegg involvert i to einskildsaker der deler av teamet var involvert.

Helsestasjon med skulehelseteneste og jordmor

Leverte tenester:

Det blei fødd 125 nye barn i Fræna i 2016.

Ikkje alle nyfødde har fått tilbod om heimebesøk av jordmor innan 48 timer etter heimreise. Årsak: ny jordmor starta 1. mars 2016 i 50 % stilling og i 100 % fra august. Helsesøster har hatt barselbesøk mellom 7-10 dagar etter fødsel.

  • Gjennomført 1 fødsel- og foreldreførebuande kurs.
  • Helsestasjonen 0 – 5 år følgjer no alle konsultasjonane jfr vegleiar
  • Arrangert førstehjelpskurs til småbarnsforeldre i samarbeid med Elnesvågen Helselag og Indre Fræna Helselag. Dei har sponsa kursa. Arrangert 4 kurs i 2016. Fulle kurs og ventelister.
  • Helsesøster har faste møter med barnehagane og barnevernstenesta 2 g. pr år.

Forbetringar

  • Starta på igjen med 18-månaders konsultasjon.
  • Helsestasjonen har utarbeidd brosjyre «Trygge, tydelege vaksne» som handlar om oppseding og vald i nære relasjonar. Vert delt ut ved 18 mnd og skulestart.

Utfordringar

  • Lite påmelding til fødsel- og foreldreførebuande kurs – 5 kurs i 2015 og 1 i 2016.
  • For få kontor til alle tilsette har ført til vanskar med logistikk i høve rom, og ikkje alle kunne gjennomføre konsultasjonane etter avtale.
  • Behov om fleire kontor til bl.a. flyktningehelsesøster er meldt til kommuneleiinga, og det vart sett i gang arbeid med tilrettelegging av eit ekstra kontor.

Miljøretta helsevern/smittevern

Avtale inngått med Kystlab-PreBIO vedr. tilsynsoppgåver og godkjenning etter helselovgjevinga. Dei har gjennomført tilsyn med skular og andre institusjonar der dette er eit krav. Det vart påvist manglar i 2015.

Sesonginfluensa - vaksinering

Fræna legekontor, Torget legekontor og legevaktsamarbeid

Hendingar:

Tre legar; Lars Hatlebakk, Gloria Hellebø og Pragas Rajavel har no praksisen sin ved Torget legekontor.

Forbetringar:

Nye tidsriktige kontor vart tekne i bruk på nyåret 2016. Alle godt nøgde.

Tilbakemelding frå tilsette ved Fræna legekontor er at legevaktordninga i lag med Nesset,Eide og Molde no vert opplevd som godt etablert. Ordninga sikrar tryggleik, auka fagleg kompetanse og redusert belastning på legane.

Utfordringar:

Innbyggarane i Fræna veljer framleis fastlege i andre kommunar. Netto pasientflukt til nabokommunane fører til auka utgift for kommunen. Nettoutgift i 2016 på nær kr. 500 000.

Fysioterapi og rehabilitering

Hendingar

  • Avdelingsleiar Astrid Hagerup slutta for aldersgrensa, og Torunn Grønseth vart tilsett som ny avdelingsleiar. Det er tilsett ny fysioterapeut i Torunn Grønseth si tidlegare stilling
  • Ein tilsett har starta ei toårig utdanning, og det er tilsett vikar for vedkomande.

Leverte tenester:

  • Fysioterapeut har gitt tilbod ved rehabiliteringsavdelinga 5 dagar pr. veke, på føremiddag.
  • Ergoterapeut etter behov.
  • Frisklivsentralen har gitt tilbod til deltakarane i form av helsesamtalar, eigne treningsgrupper, Bra mat kurs (x2 per år), Diabeteskurs (x2 per år) og Livslystkurs (x1 pr år). Avdelinga har motteke og gått gjennom tilviste barn i alle aldrar og for vaksne med behov for tverrfagleg oppfølgjing eller heimebehandling.
  • Vi har hatt til saman 9 ulike treningsgrupper kvar veke. Det har vore stor tilgang på deltakarar.

Fræna fysikalske

Same behandlingstilbod som tidlegare år med individuell behandling og gruppebehandling

Forbetringar:

  • Ein ser ei dreiing av praksis innanfor kommunefysioterapien frå kurative til førebyggande tiltak. Dette er ei ønska endring med mål å gjere pasientane meir ansvarleg for eiga helse
  • «Fræna Friskliv» er kommen for å bli – 55 nye tilmelde i 2015. Dei fleste er tilviste frå lege
  • Utviding av tilbodet – til saman ei 100% stilling delt på to fysioterapeutar.

Utfordringar:

  • Stor etterspurnad på tenestene generelt og stort arbeidspress på dei tilsette. Behov for å utvide bl.a. gruppetilboda
  • Auke i talet på førespurnader om tilbod til barn/unge med overvekt. Det er ikkje mogleg med eksisterande ressursar å gje tilbod til denne gruppen. Har fått lønsmidlar i budsjettvedtak i 2016 til ei 50% stilling
  • Liten kapasitet i høve behandling av pasientar i aldersgruppa unge/vaksne. Dei vert vist vidare til Fræna fysikalske institutt

Instituttet har hatt 6-10 veker med ventetid for vanlege ventelistepasientar og 14 dagar for prioriterte pasientar.

Tidlegare utskrivne pasientar jfr. samhandlingsreforma har resultert i fleire og dårlegare pasientar på ventelistene.

Hjelpemiddelformidlinga

Hendingar/Forbetringar

  • Det vart i 2016, etter konklusjon frå eit gruppearbeid, bestemt at alle alarmane skulle høyre til kommunen og at det skulle betalast leige for alarmane.
  • Ei slik løysing ville også føre til ei forbetring av logistikk og oversikt over alarmane som var i bruk.
  • Hjelpemiddel forvaltninga har gjort avtale om kjøp av ny bil. jfr budsjettvedtak 2016.

Utfordringar

  • Utfordringane for hjelpemiddelforvaltninga har vore arbeidstilhøva i dagens leigde lokale.
  • Behov for betre tilrettelagt lokalitetar har vore tema sidan andre tenester flytta ut frå huset.

Barnevern

Leverte tenester:

  • Alle meldingar og undersøkingar vart gjennomført innafor frist i 2016
  • Rapporteringa til Fylkesmannen viser også at barnevernstenesta i Fræna følgjer godt opp barn i fosterheim og at barn i tiltak har tiltaksplanar.
  • Tilsette har faste møter med barnehagane og helsestasjonen 2x pr år
  • Har gitt tilbod til 3-4 ungdomar gjennom «Kjør for Livet». Dette er eit fritidstiltak med mekking, motorsport o.l

Forbetringar:

  • Samla alle tilsette i kontor i 2. høgda i Rådhuset, godt nøgde med kontora
  • Etter tilsyn i 2014-15 har barnevernstenesta arbeidd grundig med prosedyrar og rutinar. Fylkesmannen sin repr. på barnevernsområdet har meldt tilbake at prosessen i Fræna har vore brukt som eksempel i andre kommuner.

Fått på plass internkontrollsystem med prosedyrepermar

Utfordringar:

  • Endringar i statleg barnevern har ført til nedlegging av ein del statlege tiltak – utfordringar å etablere nye lokalt.
  • Beredskap etter arbeidstid, på helg og i feriar. Viktig å få vurdert og konkludert i høve interkommunalt samarbeid på området..
  • Avdelinga opplever utfordringar i det tverrfaglege arbeidet i einskildsaker.

Tiltak funksjonshemma m/ Bøtunet avlastning

Hendingar: -

Nytt samarbeidstiltak – skal administrerast frå avdelinga.

Utfordringar:

  • Nye vedtak i avlastinga fører til meir behov for administrering av gruppa av tilsette, kontakt med pårørande og deltaking i ansvars/samarbeidsgrupper. Auka behov for administrativ ressurs
  • Nye vedtak i løpet av året fører til utfordringar i å halde budsjettet
  • Mykje skifte i personalgruppa av ulike årsaker, omsorgspermisjonar o.a.
Kvalitet
Målbeskrivelse Mål Resultat

Helsestasjon -

Jordmor heim innan 48 timar

90% 40%

Forebyggande helse -

Alle barnekontrollar vert gjennomført i tråd med forskrift/vegleiar

90% 90%

Barnevern -

Alle meldingar/u.s saker er gjennomf. i tråd med krav i lov.

90% 100% får oppfølging i tråd med krav

Fysioterapi/rehabilitering

- Styrke førebyggande helsearbeid gjennom

«Frisklivkonseptet»

- Satse på heimerehabilitering

Utvide tilbodet til barn og unge Opprettet tverrfaglig HOPP-prosjekt

Felles helse - familie

Sikre at barn/unge og deira familiar får rett hjelp til rett tid

Få på plass arena for samhandling Arbeid startet opp
Nærvær/trivsel
Målbeskrivelse Mål Resultat

Sjukefråvær

6,5 5,7

Medarbeideundersøking

4,5 4,44

Samla for 2016 er fråveret 5,7 som er godt under målet på 6,5

Kostnadskontroll
Ramme Budsjett Regnskap

Kostnad

45 041 48 408

Avvik fra budsjett: Meirforbruk samla i Helse-Familie: 107 % - kr. 3 367 000,-

  • Tiltak barnevern meirforbruk kr. 1 782 000,-
  • Bøtunet avlastning meirforbruk 1 917 000,-

Årsak til avvik:

Barnevernstiltak og nye tiltak ved Bøtunet avlastning er årsak til meirforbruk i 2016. Det vart meldt om behov for ekstra midlar i revidert budsjett, men ramma vart ikkje utvida for 2016.

Gjennomførte tiltak for å holde ramme:

  1. Involvert og gjort avd.leiarane og deira medarbeidarar ansvarlege i Visma budsjett/rekneskap
  2. Rekneskap har vore tema i avdelingsleiarmøta
  3. Einingsleiarar som kan få uforutsette utgifter har hatt ekstra oppfølging
  4. Fokus på å få inn inntektene eininga har uteståande.