Rådmannens kommentarer
Økonomien i Fræna kommune er i stadig framgang, og 2016 vart eit nytt solid driftsår for kommunen. Godt hjelpt av eigedomsskatten som vart innført i 2014, er det økonomistyringa i einingane som er den viktigaste årsaka til at kommunen no er i ferd med å etablere ein sunn økonomi. Med eit netto driftsresultat på 4,29 % leverer vi godt over det som er tilrådd minimum (1,75 %) for norske kommunar.
Dei solide resultata i 2015 og 2016 har medført at kommunen på kort tid har bygd opp eit disposisjonsfond på over 50 mill. kr. Vi har dermed nådd ein viktig milepæl som kommunestyret har vedtatt; eit disposisjonsfond som utgjer minimum 5 % av brutto driftsinntekter. Dette er ein naudsynt buffer for Fræna kommune. Vi har store utviklingsoppgåver framfor oss dei komande åra.
Kommunestyret i Fræna avgjer omfang og nivå på tenestene kommunen skal levere. Rådmannen konstaterer at sjølv om ein frå politisk hald ikkje alltid er samde om dette, er kommunestyret samstemte om at kommunen sine tenester må vere sikra forsvarlege økonomiske rammer. Sagt på ein annan måte; ein må vere villige til å betale det vedtatte tenester kostar.
Som motyting skal kommunestyret kunne krevje at kommuneorganisasjonen held seg innanfor dei vedtatte rammene. Samla sett brukte vi 1,4 mill. kr mindre enn budsjettet vårt til drift. I ein kommuneorganisasjon med eit breitt spekter av tenester som skal leverast, vil der alltid dukke opp forhold som ein ikkje har planlagt for i løpet av eit driftsår. Nokre eksempel på dette finn vi også i rekneskapen for 2016. Då vert god økonomistyring særskilt viktig for å sikre at ein totalt sett har kontroll. Sjølv om drifta var god, er der framleis rom for forbetring. Dette potensialet må vi verte enda flinkare til å nytte framover.
Fræna kommune har relativt låg gjeld pr. innbyggjar. Etter at ein i 2015 refinansierte gjelda, har vi reduserte finanskostnadene våre ytterlegare. Vi har i dag ein godt sikra låneportefølje, låge renter og vil vere i standt til å handtere endringar i finansmarknaden godt. Kommunen er dermed godt rigga for auka låneopptak dei komande åra.
God kontroll på økonomien er ikkje åleine det viktigaste. Vi må alltid ha eit kritisk blikk på kvaliteten på tenestene våre. Kommunale tenester er underlagt omfattande kvalitetskrav gjennom lover og forskrifter. Kvalitet i tenestene er ikkje noko som ein kan vedta. Dette må skapast kvar dag av kvar einskild medarbeidar i møtet med tenestemottakarane våre i kommunen. Rådmannen er svært nøgd med at vi også tek nye steg kvalitetsmessig.
Kvart år vert kommunane samanlikna i det såkalla
Kommunebarometeret. Her har Fræna gjort store hopp oppover dei siste par åra.
Frå ei botnplassering i 2014, er vi i 2016 om lag «midt på treet» (nr. 280 av
428 kommunar). Kommunebarometeret samanliknar alle tenesteområdene i kommunane.
Sjølv om dette langt fra er nokon fasit på drifta vår, gir barometeret ein klår
peikepinn på område der vi er sterke, og område der vi har
forbetringspotensial.
Kommunebarometeret syner at kommunen jamnt over er god på pleie og eldreomsorg,
men framleis har ein veg å gå innanfor områda skule, barnehage og kultur.
I rapporteringsåret har vi hatt mykje fokus på å få på plass
gode rutinar for internkontroll. I løpet av 2016 reviderte/utarbeidde vi
sektorovergripande internkontrollrutinar. Arbeidet held fram i 2017 med å få på
plass sektorspesifikke rutinar.
Eit godt kvalitetsarbeid inneber at vi har gode rutinar i tenestene våre,
sikrar naudsynt kompetanse i organisasjonen og er i stand til å handtere og
lære av dei avvika som oppstår. Rådmannen vil halde oppe trykket på dette viktige
arbeidet framover.
Fleire år med svak økonomi har medført at vedlikehaldet på kommunale bygg tidlegare ikkje har vore tilfredsstillande. Det er ikkje realistisk å ta att dette på kort tid, men der er gjort store steg i rett retning i 2016. Rådmannen er likevel ikkje tilfreds med at fleire planlagte investeringsprosjekt ikkje vart sett i gang som planlagt i 2016.
Resultatet for 2016 er, som nemnd innleiingsvis, sterkt. Det er likevel slik at når vi samanliknar Fræna med andre tilsvarande kommunar, ser vi framleis potensial for effektivisering. Vi har kostbar struktur både innanfor skule og eldreomsorg. Vi skal ikkje stelle oss slik at vi er avhengige av ekstrainntekter i form av skattekompensasjon, større statlege overføringar enn kalkulert eller reduserte pensjonskostnader. Då hamnar vi raskt i ein situasjon der handlefridomen vår vert svært avgrensa.
Dette er viktig å ta med seg samstundes som vi skal vere tilfreds med resultatet som vart skapt i 2016.