Rådmannens kommentarer

Fræna kommune leverte eit solid økonomisk resultat i 2017. Frå rådmannen sin ståstad er det særskilt gledeleg at driftseiningane samla sett leverte eit mindreforbruk på 4,9 mill. Også i 2017 heldt driftseiningane seg innanfor den ramma som vart løyvd av kommunestyret. Dette syner at ein har god kontroll på drifta av kommunen.

Korrigert for ekstraløyvinga kommunen har mottatt frå staten i samband med etableringa av Hustadvika kommune, vart netto driftsresultat i 2017 4,7 %. Budsjettet for 2017 la opp til eit overskot på 11,3 mill., medan ein kom ut med eit samla overskot på 34,4 mill.

Årsakene til at resultatet vart betre enn venta er fleire. Mindreforbruket i driftseiningane er allereie nemnd. I tillegg hadde kommunen noko lågare pensjonkostnader, lågare finanskostnader og høgare avkastning på fondsmidlar enn prognosane synte. God skatteinngang er årsaka til det største avviket. Denne vart 8,3 mill. høgare enn forventa, og dette slo for alvor inn mot slutten av året.
God skatteinngang var noko som gjorde seg gjeldande i svært mange andre kommunar, og er eit uttrykk for ei generell betring i økonomien og lågare arbeidsløyse enn det vi har hatt tidlegare.

Det er ei målsetning å treffe best mogleg med budsjetteringa. Dette vert det arbeidd kontinuerleg med å forbetre. Med unntak av avviket på finanskostnadene, meiner rådmannen likevel at det ikkje ville ha vore forsvarleg å innarbeide desse i prognosen.

Lågare finanskostnader skuldast i første rekkje at kommunen investerte langt mindre enn det ein hadde lagt opp til i budsjettet. Vedtaket om bygging av Jendem skule vart gjort seinare enn planlagt. Budsjettert investering knytt til Sylte skule er også sett på vent. Dette er endringar rådmannen burde ha korrigert for tidlegare i meldingsåret.

Arbeidet med å førebu etableringa av Hustadvika kommune har hatt stort fokus i kommune-organisasjonen gjennom store delar av 2017. Dette vil gjere seg endå sterkare gjeldande i 2018 og året etter.

Rådmannen ønskjer elles å trekkje fram samarbeidet vi har med Eide kommune om tilbodet innanfor rus og psykiske lidingar. I 2017 vart tilbodet til desse brukarane styrka gjennom vidareutviklinga av Meistringseininga. Samarbeidskommunane har etablert eit kompetent fagmiljø som vil vere i stand til å gje gode tenester til menneske som har ein vanskeleg livssituasjon. Dette er viktig. Det er Eide kommune som er vertskommune for Meistringseininga, og der er eit stort fokus på tverrfagleg samarbeid.

I 2017 etablerte vi HOPP-prosjektet (helsefremjande oppvekst). Gjennom dette arbeidet har kommunen sett fokus på barn og unge si fysiske helse. Dette er også eit tverrfagleg samarbeid som involverer helsestasjon, barnehagar og skular.
I meldingsåret har også kommunen utarbeidd ny bustadsosial handlingsplan og handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Dette vert viktige styringsdokument i arbeidet framover.

Elnesvågen, 31. mars 2018