Tornes skule

Fakta om enheten - Tornes skule

Tornes skule har 101 elevar fordelt på 7.klassar. Vi har dette skuleåret totalt 18 tilsette. 17 kvinner og 1 mann. Skulen har 10,6 årsverk undervisning og 4,5 årsverk assistent. Tilsette i full stilling som driv undervisning er 7 og deltid 3. Tilsette i full stilling assistent er 2 og deltid 4. Det er 30 elevar ved Tornes SFO dette skuleåret.

Bildet: Rektor Grethe Ingeborgvik

Leverte tenester

Tornes skule jobbar dagleg for å bli ei betre skule. Trivsel er grunnleggande for elevane si læring. Elevundersøkinga gir oss ei oversikt over på kva felt vi treng å utvikle oss. Kartleggingar og nasjonale prøvar gir oss oversikt over faglege resultat. Vi har flinke elevar, men vi treng fortsatt å jobbe systematisk og målretta for å oppnå betre læringsresultat. Medarbeidarundersøkinga hjelp oss i arbeidet med å utvikle ein stadig betre arbeidsplass for dyktige tilsette.

Viktige hendingar og politiske vedtak som gjeld for eininga i 2017

Tornes skule har fått ei løft denne hausten og vinteren. Før jul vart det satt i gang renovasjonsarbeid på den eldste delen av skulen. Vi har fått nye vindauge. Bygninga er etter-isolert og heile bygget har fått ny bordkledning. Arbeidet går no mot slutten, og resultatet er veldig bra. No ventar vi på utvendig sol-skjerming. Det er nødvendig når vårsola begynner å varme, og elevane sveittar over utfordrande fagleg arbeid. Vidare arbeid med å renovere bygningsmassen på Tornes skule ligg inne i dei kommunale planane.

Forbetringar gjennomførte i 2017

Skulen deltek i utviklingsprosjektet «Inkluderande barnehage- og skulemiljø». Gjennom deltaking her og arbeid i forbindelse med lovendringar i §9A i Opplæringslova, har skulen jobba systematisk med rutinar og prosedyrar knytt til elevane sitt Læringsmiljø. Dette arbeidet skal ha fokus hos oss framover. Skulen har samtidig starta arbeidet med å opprette eit «Innsatsteam mot mobbing». Vi er i startfasen på dette arbeidet. Fokuset no ligg på kompetanseheving i personalet. Begge desse prosjekta vil hjelpe oss i arbeidet med å utvikle eit stadig betre læringsmiljø.til på eit betre læringsmiljø. Det var FAU som sto bak dette prosjektet.

Ufordringar

Skulen har fortsatt utfordringar når det gjeld bygningsmasse og tilgang på rom. Vi manglar grupperom, og vi manglar viktige spesialrom som vil være nødvendig for å oppfylle krava i framtidas skule. Vi har ikkje sløydsal, musikkrom og naturfagrom. Slike spesialrom vil være ein viktig brikke i det å utdanne elevar for framtida.

I tillegg treng vi å oppdatere datautstyr/datarom på skulen.

Artige hendingar i 2017

Småtrinnet på Tornes skule har den mest ungdommelege teamleiaren J- kåra i ein uhøgtideleg konkurranse siste dag før haustferien av elevane.

Alle lærerane med rektor i spissen dansa «Crazy Christmas» med stor applaus frå elevane siste dag før jul- blir anbefalt viss ein vil høyre elevar som skrattar høgt.

Kvalitet
Målbeskrivelse Mål Resultat

Elevundersøking - trivsel

4,5 4,5

Elevundersøking - mobbing

5,0 4,6

Resultat på nasjonale prøver -lesing

50 48

Resultat på nasjonale prøver - engelsk

50 50

Resultat på nasjonale prøver - rekning

50 48
Nærvær/trivsel
Målbeskrivelse Mål Resultat

Sykefravær

6,5 Skule: 2,67 og SFO: 1,82

Medarbeiderundersøkinga

Eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette er ei føresetnad for å skape eit godt læringsmiljø for elevane. Hausten 2017 gjennomførte vi medarbeidarundersøkinga 10-faktor. Eininga skårar lavast på relevant kompetanseheving (3,6). Leiinga ved skulen har i budsjettet for kommande år auka ressursane til kompetanseheving. For å føle mestring og motivasjon idet daglege, er det viktig at personalet får fagleg påfyll. Samtidig er skulen stadig i endring. Dette set krav kompetansen til dei som jobbar med elevane.

Kostnadskontroll
Ramme Budsjett Regnskap

Kostnad

10 690 10 056

Avvik fra budsjett: Mindreforbruk på 634 tusen

Årsak til avvik:

Skulen har eit underforbruk på 6%. Dette skyldas endringar i personalet. Vi mista høgt lønna arbeidstakar, som vart erstatta av lavt lønna arbeidstakar. Inntektene på SFO vart høgare enn budsjettert.