Teknisk forvaltning

Fakta om enheten - teknisk forvaltning

Det er 40 tilsette i enheten fordelt slik:




Avdelingar:

  • Brann (25), brannførebyggjande arbeid/feiing (6)
  • Oppmåling (3)
  • Byggesak (3)
  • Plan (3)

Bilde: Einingsleiar Rune Iversen


Leverte tenester

  • Avdelinga har ansvaret for ein sentral del av den kommunale beredskapen (PLIVO, Mens du ventar på ambulansen, tjuverialarmar, teknisk vakt, forureining, brann og div. støttefunksjonar for andre organ i kommunen), løyve til all byggeaktivitet i kommunen, eit planverk som legg til rette for investeringar i kommunen på mellom 4 og 5 milliardar kr og all eigedomsdanning i kommunen vår.

Viktige hendingar i 2017

Vi har teke inn lærling på feiaravdelinga.

Ein tilsett vart sagt opp noko som er svært belastande for den det gjeld og for avdelinga.

Flere reguleringsplaner ble igangsatt i 2017:

  • Detaljregulering Tornes gravsted
  • Detaljregulering for Hustad gravplass
  • Detaljregulering for Holamyra 2
  • Detaljregulering for Moen 3
  • Detaljregulering for Myrbostad – Eide grense, gang- og sykkelveg
  • Detaljregulering for Storholmvågen
  • Detaljregulering for Tornes småbåthavn og fjordcamping
  • Detaljregulering for S.O. Dalseth Eftf. AS
  • Detaljregulering for Øvre Haukås Øst
  • Detaljregulering for naust - Tornes
  • Detaljregulering for Hatlebakken – Nedregård
  • Detaljregulering for Lauvåsen – BK3

Tre planer ble vedtatt av Fræna kommunestyre i 2017:

  • Områderegulering for Lauvåsen
  • Detaljregulering for Haukås Øvre BK 2-4
  • Detaljregulering for Bud - Fleskvikhaugen hytteområde






Bilde: planavdelingen på teknisk forvaltning (fra venstre) Ann Sissel Heilevang, Mona Skram Rustad og Wenche Lyngstad

Forbetringer gjennomført i 2017

Utviding av Holamyra har teke tid med varsel om motsegner frå motsegnsmynde i strid med planverket og kor føreseieleg dette skal vere. I møte med øvste leiing av desse mynda vert det konstatert at pengemangel og manglande eigenprioritering i koplinga mellom myndigheitutøving og eigedomsforvaltning var årsaken til den vanskelege situasjonen dei sette kommunen i.

Vi hadde ei feilinnmelding (ein definisjon ikkje andre nytta) på KOSTRA i fjor, noko som gjorde at vi fikk eit betydeleg dårlegare resultat enn kva den faktiske situasjonen skulle tilseie. Dette forårsaka mange merkelege innspel i den lokale politiske debatten. Feilregistreringa er retta opp i den nye innmeldinga til KOSTRA.

Utfordringar

Manglande arealplan for fritidsbustadar gjer avdelinga si forvaltning i området vanskeleg. Dette planarbeidet vil bli starta opp hausten 2018, og innspill som kom inn i planprosessen som vart avslutta i 2014 vil få ein avklaring.

Kvalitet
Målbeskrivelse Mål Resultat

Brann/ Feiing: talet på alvorlege brannar skal gå ned gjennom aktivt førebyggjande arbeid i bedrifter og bustadar (DNB statistikk)

Redusere Redusert

Byggesak: alle byggesaker med lovfesta saksbehandlingstid skal vere behandla innan fristen (inntektsbortfall)

100% 95%

Plan: Alle planer skal vere behandla innan lovfesta tidsramme. Eigenproduksjon skal følgje oppsett og akseptert handlingsplan (bortfall av inntekter og verifiserbar oppfølging)

100% 100%

Oppmåling: Overhalde lovbestemte tidsfristar

  • oppmålingsforretningar på 16 veker
  • matrikkelføring i løpet av 5 dagar

(inntektsbortfall og statistikk frå Statens Kartverk)

100% 100%

Berre med få unnatak kan vi seie at vi operer innafor ramma av dei måla vi har sett opp. Det kunna ha vore høgare produksjon på plan, men når folk sluttar vil det gå ei tid før nye er tilsett og fungerande. På byggesak er det svært få avvik og det er nesten ikkje ventetid på avgjerd i saker.

Nærvær/trivsel
Målbeskrivelse Mål Resultat

Sykefravær

6,5 3

Medarbeideundersøkinga

Avdelinga kom svært godt ut i undersøkinga og i dei to kontormøta som er halde med dette som tema kom det ikkje fram ønskje om tiltak. Vi har likevel teke tak i arbeidet med å skape ei betre felleskapskjensle. Dette har munna ut i to samkome som vi saman med naboavdelinga har kalla lønningspilsens venner med tur og hyggeleg samvær etter ide frå Heidi Rønning, einingsleiar for teknisk drift og anlegg.

Kostnadskontroll
Ramme Budsjett Regnskap

Ramme

8 140 8 436

Avdelinga kom ut med eit mindre underskot på 296 tusen

For å få inn den innteninga som er naudsynt for å få balanse i rekneskapet må mange faktorar gå vår veg. Til dømes kan vi nemne at planen for Holamyra er ferdiglaga, men vi har møtt motstand der motsegnsmynde har varsla motsegn i strid med tidlegare planverk. Årsaken til dette ligg ikkje i kommunen, men i uryddige tilhøve der mynde og eigarrolle er blanda i ein uheldig konstellasjon. Vi fakturerer ut ved offentleg ettersyn, men kan ikkje gjere det ved varsel om motsegn. Ei normal framdrift i denne saka ville vi ha hatt ei meirinntekt på mellom 4 og 500 000 kr og med det ville det vore eit overskot.

Årsak til avvik: øyremerka mildar til utdanning brannberedskap ikkje avsett i ramma (130 000), avdelinga betalar for fellesskapsløysingar som ikkje vert kompensert og tilfeldigheiter ved utfakturering sjå ovanfor.

Tiltak gjennomført for å holde rammen i 2017: hardt arbeid i ei velfungerande avdeling.